Beskrivelse
Grunna endring av vaktordning i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. trafikkert av vår elektriske ferje MF Møkstrafjord, har vi no ledig stilling som 1.maskinist.
2 veker jobb og 4 veker fri sommerhalvåret, og 1 veke på og 2 veker fri vinterhalvåret.
Som 1. maskinist vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av fartøyet. Du blir maskinsjefens stedfortredar og får ansvar for å sikre trygg og effektiv drift av maskin og tekniske system. Arbeidet krev solid fagleg kompetanse, høgt fokus på sikkerheit og vilje til kontinuerleg utvikling.
Dette er ei spennande stilling i eit innovativt rederi som satsar på grøn teknologi og moderne løysingar. Du får jobbe med toppmoderne utstyr på ei stillegåande og energieffektiv el-ferje – og vere med på å forme framtida for miljøvenleg sjøtransport.
Reisekostnadar til og frå dekkast av rederiet.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
- Samarbeid med maskinsjef for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
- Opplæring av personell under si leiing.
- Oppgåver knytt til alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat M3
- Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- FSE lav- og høyspenning
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Manglande krise- og passasjerhandteringskurs vert dekka av rederiet for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løysningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og høgt fokus på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
- Sjøvakt 2:4 i sommerhalvåret og 1:2 i vinterhalvåret
- Ein bur om bord i arbeidsperiode
- Reisekostnadar til og frå arbeid dekkast av rederiet
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv5465392 Storebø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5096875701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2026
Om arbeidsgiver
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Om stillingen
Kontaktperson
Lokasjon
Laster kart...
