Ledig StillingLedig stilling

Overlege Fysikalsk medisin og rehabilitering

Rehabiliteringssenteret Air As · Rauland

Beskrivelse

Ved hovudsenteret i Rauland har me ledig 100% fast stilling som overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og godkjent spesialistutdanning i fysikalsk medisin og rehabilitering

  • LIS som har kome langt i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering kan bli vurdert

  • Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg

  • Erfaring frå eller interesse for rehabilitering i spesialisthelsetenesta

Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ og bidreg til fagutvikling, forbetringsarbeid og vidareutvikling av tenestetilbodet

  • Du arbeider sjølvstendig, samtidig som du har gode samarbeidsevner i tverrfaglege team

  • Du bidreg til et godt arbeidsmiljø og trivast med faglege diskusjonar

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

Me tilbyr

  • Ei spennande stilling i eit fagfelt i sterk utvikling

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Arbeidsmiljø med høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer

  • Varierte oppgåver

  • Arbeidstid, dagtid på kvardagar

  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår

  • Hjelp til å skaffe møblert bustad

Om du er interessert i natur og friluftsliv vil omgjevnadane i Vinje kommune og Vest-Telemark kunne gje deg rike opplevingar gjennom alle årstider.

Me ser fram til å høyre frå deg.

Søknadsfrist: Søknadane behandlast fortløpande, siste frist1. mai.

For meir informasjon, kontakt:
Leiar klinikk AiR Rauland: Siri Mørch, tlf.+47 474 63 408 /siri.morch@air.no

Om arbeidsgiver

Rehabiliteringssenteret AiR er landets leiande senter innan arbeidsretta rehabilitering (ARR), og ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. AiR-klinikk er CARF akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeve av flotte fjell, fine vatn og venleg skogsterreng, som også nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Fjellbygda Rauland er rik på natur og kultur og ligg sentralt plassert mellom aust og vest. Senteret har to klinikkar, ein i Rauland og ein poliklinikk i Oslo. Stillinga er ved klinikken i Rauland.

Besøk vår hjemmeside

Om stillingen

Publisert27. mars 2026
Søknadsfrist1. mai 2026
StarttidspunktEtter avtale
Sist oppdatert1. mai 2026
Heltid eller deltidHeltid
AnsettelsesformFast
SektorPrivat
Antall stillinger1

Kontaktperson

NavnSiri Mørch
StillingLeiar klinikk AiR

Lokasjon

Laster kart...

Del annonsen

Lignende stillinger