Beskrivelse
Vik kommune søkjer etter ferievikar for sommaren 2026 til ei 100 % stilling som sjukepleiar i Vik fengsel. Arbeidsvekene gjeld veke 30-33, samt opplæring i veke 29. Stillinga vert lyst ut for 2. gong.
Kvalifikasjonskrav
Sjukepleiar – gjerne med kunnskap og/eller interesse for fagfeltet rus/psykiatri
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene
- Innkomst-/kartleggings- og støttesamtaler
- Gjera vurderinger vedk. psykisk og somatisk helse
- Beherske sjukepleieprosedyrar, f.eks. sårstell/blodprøver
- Samarbeid med fengselslege/legevakt/psykiatritenesta
- Samarbeid med Kriminalomsorgen
- Samarbeid med spesialisthelsetjenesten/LAR/fastlege m.m.
- Medikamenthåndtering (ein sjukepleiar/student uten særleg erfaring vil bruke mykje tid på dette)
- Dokumentasjon/CGM-journal
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning som sjukepleiar
- Krav om politiattest
- God munnleg og skriftleg kompetanse i norsk
Det er viktig at du kan jobbe sjølvstendig.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Løn etter kommunalt avtaleverk
- Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Den som vert tilsett må levera politiattest av ny dato
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden. Kommunen kan skaffe bustad i fellesleilegheit.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiver
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligger i Bergen. Vik fengsel ligg i Vik kommune, og er eit fengsel med med høgt og lågt tryggleiksnivå. Fengselet vart bygd i 1864, og fekk ei ny celleavdeling i 2007. Fengselet har ordinær kapasitet på 39 plassar. Av dei er 28 plassar med høg tryggleik og 11 plassar med lågare tryggleik. Fengselet som ligg mellom fjord og fjell i eit vakkert naturlandskap har omlag 50 tilsette
Om stillingen
Kontaktperson
Lokasjon
Laster kart...