Ledig StillingLedig stilling

Flatbygdi skule har ledige vikariat som lærarar

Vik kommune Flatbygdi skule · Vik i sogn

Beskrivelse

Vik kommune har ledig 200 % vikariat som lærarar ved Flatbygdi skule i Vik kommune. Stillingane er ledig frå oppstart av skuleåret 2026/2027.

Arbeidsplassen

Flatbygdi er ein 1-10 skule med 230 elevar og 40 tilsette. Skulen er plassert sentralt i bygda, med rv13, Helsetunet, Vik sjukeheim, Vik kyrkje og Vik fengsel som næraste naboar.

Kvalifikasjonskrav 

Høgskuleutdanning som allmennlærar, grunnskulelærar eller faglærar. 

Personlege eigenskapar

Det vert også lagt vekt på evne til å skape tillit og tryggleik hjå elevane, motivere fagleg og sosialt, leie grupper metodisk og samarbeide med kollega i planlegging og utvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. 

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
  • Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Avskriving på studielånet jf. vedtak i Stortinget
  • Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast i søknadsportalen. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lasta opp saman med søknaden. 

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiver

Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.

Tenestemålet er nynorsk.

Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.

Om stillingen

Publisert27. mars 2026
Søknadsfrist19. april 2026
Sist oppdatert30. mars 2026
Heltid eller deltidHeltid
AnsettelsesformVikariat
SektorOffentlig
Antall stillinger1

Kontaktperson

NavnBritt-Marit Stadheim
StillingKommunalsjef oppvekst
Telefon47615488

Lokasjon

Laster kart...

Del annonsen

Lignende stillinger