Ledig StillingLedig stilling

Dommarfullmektig

Hordaland tingrett · Bergen

Beskrivelse

Om stillinga

Vil du ha ei stilling der du får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver samstundes som du har ei viktig samfunnsrolle?

Hordaland tingrett har ledig ei stilling frå hausten 2026, men med moglegheit for fleire. Tiltreding etter avtale.

Her vil du raskt få oppgåver innan heile breidda av det juridiske fagfeltet. Nokre dagar behandlar du straffesaker med meddommarar eller tek stilling til spørsmål om varetektsfengsling. Andre dagar brukar du til å førebu og avgjere tvistesaker om alt frå arbeidskonflikter til kontraktsrett.

Her er ingen dag lik den førre! Kvar dag møter du også ulike livshistoriar og skjebner som garantert vil gjere inntrykk på deg. Du får ta i bruk verktøya og metodane du lærte under jusstudiet, og utviklar deg kontinuerleg både som menneske og jurist.

Som dommarfullmektig arbeider du sjølvstendig gjennom heile prosessen: frå å førebu sakene til å leie rettsmøta og skrive avgjerdene. Men du blir også del av eit fellesskap med flinke og hyggjelege kollegaer som samarbeidar, støttar og deler kompetanse med kvarandre. Det er alltid ei open dør når du treng det. I tillegg får du ein fadder som følgjer deg opp fagleg og sosialt.

Arbeidskvardagen er både hektisk og utfordrande. For å trivast i jobben som dommarfullmektig må du kunne setje deg raskt inn i ulike problemstillingar, ta kloke avgjerder og halde tidsrammene. Har du også hjartet på rett plass og ein grunnleggjande respekt for menneske i alle livssituasjonar, er kanskje du nettopp den vi ser etter?

Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve til forlenging i eitt år, jf. domstollova § 55 g.

På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre dommarfullmektigar presenterer jobben sin


Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er

  • å planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
  • å leie rettsmøte 
  • å sikre at avgjerdene får god kvalitet
  • å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Kven er du?

For å bli dommarfullmektig må du ha følgjande kompetanse: 

  • juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
  • relevant erfaring frå domstol, politiet eller advokatbransjen, mv.
  • gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit språk alle kan forstå
  • evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gir for å effektivisere arbeidsprosessar

Du må vere norsk statsborgar. Uttømmande politiattest vil bli innhenta.


Personlege eigenskapar

Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av følgjande eigenskapar:

  • Du har høg etisk standard og integritet.
  • Du er fagleg dyktig, set deg raskt inn i komplekse problemstillingar og har god vurderingsevne.
  • Du arbeider sjølvstendig og er i stand til å ta vanskelege avgjerder.
  • Du leverer kvalitet, er effektiv og bidreg til god framdrift i sakene.
  • Du kommuniserer godt med partar og aktørar.
  • Du samarbeidar godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for stillinga.


Vi tilbyr

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver på ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
  • godt arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer
  • ein eigen mentor i domstolen
  • fleksible ordningar for fri, avspasering og høve til trening i arbeidstida
  • moglegheit for god referanse for vidare karriere
  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid og stort rom for fagleg utvikling
  • introduksjonsprogram og deltaking på relevante kompetansetiltak
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Tilsetjingsvilkår etter hovudtariffavtalen i staten, med startlønn frå ca. kr 575 000,- per år. Lønsutvikling etter tenestetid og avtaleverk.


Mangfald i Noregs domstolar

Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald av menneske med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Norges domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire medarbeidarar med fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.

Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling. 


Om arbeidsgiver

Domstolane er den tredje statsmakt. Noreg har 50 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri samfunnet sine krav og forventningar.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.

Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.

 

Hordaland tingrett er lokalisert i Bergen. Domstolen er leidd av ein domstolleiar og har i tillegg tre avdelingsleiarar, ein direktør, 31 dommarar, 8 dommarfullmektigar og 45 saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og Øygarden. 

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handtert i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

 

 

Besøk vår hjemmeside

Om stillingen

Publisert21. april 2026
Søknadsfrist22. mai 2026
Sist oppdatert21. april 2026
Heltid eller deltidHeltid
AnsettelsesformVikariat
SektorOffentlig
Antall stillinger1

Kontaktperson

NavnKirsti Strømstad
StillingAvdelingsleiar

Kategorier

Juridisk arbeid

Lokasjon

Laster kart...

Del annonsen

Lignende stillinger