Ledig StillingLedig stilling

Assisterande rektor/inspektør

Eit samarbeid mellom Tokke og Fyresdal · Fyresdal

Beskrivelse

Stilling som assisterande rektor/undervisningsinspektør ledig frå omgåande.  
 
Gimle skule er ein 1-10-skule med ca. 145 elevar. Skulen ligg midt i Fyresdal sentrum i nærleiken av helsehus, barnehage, bibliotek, symjehall, idrettshall og kulturhus. Midt i smørauga, med andre ord! Her er også kort veg til sentrum med butikkar, bygdemuseum og næringsliv.  
 
Skulen er lys og triveleg og godt utstyrt. Uteområdet har skatebane, leikeapparat, ulike fotballbanar og mange tre og buskar. Dette er eit uteområde som stimulerar til høg aktivitet og trivsel. Rett rundt skulen er Hamaren aktivitetsområde og Tretoppvegen. Eit flott uteområde tilrettelagt for vandring, sykling og leik i direkte tilknytning. Etter skuletid er det SFO og kulturskulen som overtek skulebygget og uteområdet.  
 
Vi søker no etter ny assisterande rektor/inspektør i 100 % fast stilling. Vi ynskjer søkarar som har lyst på nye utfordringar og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode oppvekstvilkår for barn og unge på Gimle skule og SFO. Arbeidstidsordning etter SFS 2213 (skuleleiing – 37,5 t/veke i 45 veker).  

Arbeidsoppgåver

  • Delta i leiaroppgåver knytt til skulen sitt pedagogiske og administrative arbeid. 
  • Noko undervisning må påreknast. 
  • Arbeidsoppgåver kan endrast i tråd med leiargruppa sitt samla kompetansebehov og arbeidsoppgåver.  
  • Stedfortredar for rektor. 

Kvalifikasjonar

  • Har godkjent undervisningskompetanse, samt praksis frå undervisning i grunnskulen. 
  • Har leiarutdanning og/eller leiarerfaring. 
  • Har erfaring med personalansvar. 
  • Har god kunnskap om korleis vi skal få til god fagleg og sosial progresjon for alle elevar og via dette leie lærarane si læring og utvikling. 
  • Er ein god administrativ leiar som er delaktiv i skulen si drift og utvikling.  
  • God digital forståing og engasjement for bruk av digitale løysingar.  
  • Har god gjennomføringsevne og som trivst med teamarbeid. 
  • Trivst med høgt tempo og varierte arbeids- og ansvarsområde. 

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du er: 

  • Ein tydelig og synleg leiar for både tilsette og elevar. Det betyr at du har god oversikt, kjenner til elevane sine behov og er i daglig kontakt med lærarane. 
  • Ein person med god relasjonskompetanse. 
  • Ein person som kan leie pedagogiske prosessar og oppnå resultat saman med andre. 
  • Er engasjert, løysingsorientert og har evne til å skape tillit.  

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad. 

Vi tilbyr

  • Deltaking i pedagogisk utviklingsarbeid til det beste for elevane. 
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer. 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar. 
  • Fleksitid innanfor kommunale rammer i Fyresdal kommune.
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk.  
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar.  
  • Ein spennande og variert kvardag.  

 
Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.   
Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest. 
Intervju vil skje fortløpande. 
For ytterlegare opplysningar om stillinga, ta kontakt med rektor Anders Bergsland.

Kontaktinformasjon

Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97 73 41 52

Arbeidssted

Fyresdalsvegen 2237
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 4995025787
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2025

Om arbeidsgiver

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.

Besøk vår hjemmeside

Om stillingen

Publisert17. juli 2025
Søknadsfrist2025-08-14
Sist oppdatert17. juli 2025
Heltid eller deltidHeltid
AnsettelsesformFast
SektorOffentlig
Antall stillinger1

Kontaktperson

NavnAnders Bergsland
StillingRektor Gimle skule

Kategorier

Ledere av undervisning og utdanningInstruktører og pedagoger

Lokasjon

Laster kart...

Lokasjoner: FYRESDAL

Del annonsen