Ledig StillingLedig stilling

Lærling i industrimontørfaget

HMS Hordaland Drift og Logistikk, NAV · Kokstad

Beskrivelse


Vil du vere med og gjere ein forskjell?

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig læreplass i industrimontørfaget ved avdeling Teknikk.

Om læreplassen
Arbeidsoppgåvene er relevante og tilpassa læreplanen i industrimontørfaget (IMO03-02). Du får lærekontrakt med Vestland fylkeskommune. Lønn og arbeidsvilkår følgjer særavtale om lønns- og arbeidsvilkår for lærlinger og lærekandidater i staten.

Utdanningsløpet for industrimontørfaget har ei varigheit på fire år, der læretida i utgangspunktet er 24 månader. Rett kandidat – vurdert ut frå bakgrunn, motivasjon og eignaheit – kan bli tatt inn som lærling med full opplæring i bedrift, med inntil 3 års læretid i faget.
Opplæringa vil bli tilpassa den enkelte lærling i tråd med gjeldande læreplan og lokale opplæringsmål.

Om oss
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ca. 120 tilsette og held til på Kokstad i Bergen.
Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging, som omfattar om lag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og om korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan bidra til aktivitet og deltaking i samfunnet. Kvart år leverer vi ut over 100 000 hjelpemiddel til innbyggarar i Vestland fylke.

Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og ønsker å bidra til Nav sitt viktige samfunnsoppdrag.


Arbeidsoppgåver

Som lærling hos oss, vil du arbeide på tvers av fleire fagområde.

Du vil få opplæring og erfaring innan mellom anna:

  • reparasjon og vedlikehald av tekniske hjelpemiddel
  • klargjering og testing av elektriske rullestolar, inkludert tilpassingar og komponentarbeid
  • dørautomatikkløysingar, omgivnadkontroll og styringssystem
  • alarm- og varslingssystem
  • enklare arbeid knytt til elektromedisinsk utstyr

Du vil arbeide tett med fagarbeidarar og følgje gjeldande rutinar for kvalitet, tryggleik og dokumentasjon. Alle arbeidsoppgåver er vurdert som relevante og godt tilpassa læreplanen i industrimontørfaget.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

    Samt eitt av følgjande alternativ:
  • Vidaregåande opplæring innan VG1 teknologi- og industrifag eller VG1 elektro og datateknologi, samt VG2 industriteknologi
  • Vidaregåande opplæring innan andre mekaniske fag eller elektrofag
  • Anna tilsvarande og relevant teknisk bakgrunn

Vi ynskjer at du har: 

  • gode datakunnskap
  • evne til teknisk problemløysing
  • teknisk innsikt og/eller teknisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • identifisere deg med Nav sin visjon og verdiar
  • evne til tverrfagleg arbeid
  • arbeide sjølvstendig og effektivt i samarbeid med andre
  • vilje til å lære
  • er motivert, engasjert og serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • spennande, interessant og variert læretid med gode moglegheiter for utvikling
  • aktive og engasjerte kollegaer
  • medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde
  • fleksibel arbeidstid
  • moglegheit til å hospitere hos andre bedrifter.
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stillingskode 1362. Lønn og arbeidsvilkår følgjer særavtale om lønns- og arbeidsvilkår for lærlinger og lærekandidater i staten

 

Praktisk informasjon
Dersom du meiner du har kompetanse som gjer at du kan få avkorta læretid, bør du sende dokumentasjon på dette til Vestland fylkeskommune.

Kontaktinformasjon

Geir Handegård, Avdelingsleiar, 413 17 653, Geir.Handegard@nav.no

Arbeidssted

Kokstaddalen 35
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5132280652
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 03.06.2026

Om arbeidsgiver

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no

NAVstilling

Om stillingen

Publisert19. mai 2026
Søknadsfrist3. juni 2026
Sist oppdatert19. mai 2026
Heltid eller deltidHeltid
AnsettelsesformLærling
SektorOffentlig
Antall stillinger1

Kontaktperson

NavnGeir Handegård
StillingAvdelingsleiar
Telefon413 17 653

Lokasjon

Laster kart...

Del annonsen

Lignende stillinger